På veg frå Charleston til Myrtle Beach i dag, stoppa me på Boone Hall Plantation.
Ein plantasje som framleis er i drift.
Dette bygget var bomullsfabrikken. Det var no under restaurering pga at ein
orkan øydela det.
Fantastiske eiketre som har stått her siden 1700 talet.
Det gjekk ein ale heilt opp til huset. Den var laga av
over 100 eiketre.
Me fekk omvisning i huset. Det er i privat eige, så me fekk ikkje filma
eller ta bilete. Nydelig flott. Dette var det 4. hovudhuset. Det første blei øydelagt i brann, det
andre av ein orkan, det tredje av Canadiere. Det nåverande huset er frå 1936.
Plantasjen har vore brukt i fleire filmar. Blant anna serien Nord og Sør.
Nydelig flott hage, forma som 2 sommarfuglvinger.
Fuglehus
Huset på baksida.
Bomull som blir hausta seinare på året.
Hadde produksjon av blåbær, fersken, vannmelon, honningmelon, honning og meir til.
Dette kunne ein få kjøpa i marked siden av plantasjen.
Var og ein liten sommarfugl park der.
I si storhetstid hadde plantasjen oppmot 300 slavar som arbeida på plantasjen.
Det var behov or mykje arbeidskraft for å laga bomull. Dette er eit av slavehusa.
Husa lag på rad og rekke og blei kalla Slave gate. Desse husa var opprinnelige. Mursteinen
blei også laga på plantasjen.
Skulle du nokon gong komma på desse kanter i USA er Boone Hall vel verdt eit besøk.
Du fikk enormt mykje historie med deg.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar