MS Museum of Natural Science
Her er me på Mississippi Museum of Natural Science.
Det var passe stort i størrelse, så me var der
i eit par timar. Det var både ting du kunne høyre, lese, sjå og gjere.
Det kjekkaste var nok i auditoriet, der me fekk sjå slange, øgle og alligator,
og ikkje minst klappe dei.
Molå fekk og lov til å halde alligatoren.
Masse ulike typar skjelett hadde dei. Også eit stort leggbein av ein dinosaur
funne her i Mississippi.
Mange utstoppadyr var der, ein del av dei var det lov å kose med.
Dette var han som fortalte om dyra i auditoriet.
Ei nøgd frøken som får halda alligator!
De er så skjønne desse her små alligatorane.
Baseballkamp Mississippi Braves - Huntsville
Veldig kjekt å få oppleva ein baseball kamp. Kampen varte i ca 3 timar.
Utruleg mange små konkuranssar som var i dei små pausane mellom kvar runde.
Det blir spelt 9 rundar i ein kamp.
Kampane blir alltid avslutta med fyrverkeri. Dette var ekstra stort pga
at det var 4. juli dagen etter. Det varte i over 20 min, og då gjekk det i eit heile vegen.
To glade som ser på fyrverkeri.
I morgon går turen til Memphis, kor me skal feira 4. juli.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar