torsdag 10. juli 2014

Ruby Falls and Incline Railway

 I dag starta me dagen i ei underjordisk grotte. Me tok ein heis som gikk like langt ned under jorda, som Empire State building er høg. 
Der gjekk me langt innover i grottene. Fantastiske formasjonar venta oss. 
Bildene vise ikkje kor flott det eigentleg var.
 På de aller fleste serverdigheter kan du laga deg ein minnemynt. 
Molå har samlamange av dei undervegs på turen.







 Innerst i grotta openbara det seg eit fantastisk fossefall.



 På toppen utenfor grottene var det ein flott utsikt.

 Incline Railway

 Ikkje langt frå Ruby falls finn du denne jernbanen.
Den er utruleg bratt. Har prøvd å visa det på dei to siste bileta, 
der eg har tatt bilete inni vogna. sjå om du ser det.
 Ferden opp går gjennom den tynne sprekka som du ser på biletet.
 Her ser du bilete av stigninga.



Skal du til Chattanooga området kan eg anbefala desse to turane og Rock city, som eg skreiv om sist.
Du får kjøpt kombi bilett som innkludere alle 3.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar