onsdag 4. juli 2012

Fort Stockton







I dag har me kjørt frå Las Cruses til Fort Stocton. Etter 30 min. på veien kjørte me innom ein Outlet. Sindre fant seg både Vans og DC butikk, så han var heilt i himmelen. Ho mor kjøpte seg ein shorts og ei klokka. Har ikkje heilt funne shoppeformen endå;) Me var der nesten 4 timar før me reiste vidare. Bildene som du ser er tatt på vegen. Me fekk også litt regn på turen, men det var ikkje mykje. Skyene var så fasinernde at eg tok ein del skybilder. Me var framme i Fort Stockton kl.18.00, me må også legga til ein time i tid. Nå har me vore ute å åte litt mat og innom eit supermarked der de har alt mulig. Datt jammen litt opp i handlekorga då også;) I kveld skal me ikkje vere så seine. Vil komma oss tidleg avgårde til San Antonio i morgon, då er det feiring av 4.juli.

2 kommentarer:

  1. Fantastiske opplevingar! Her har jammen tøtta stoff nok til meir enn ei Feriebok!!!
    Kjempeklem frå TE til Go-jentå!

    SvarSlett
  2. Heia!!! Ja, her har ho mykje å skriva om. Har ikkje komt særleg i gong endå, då dagane er fulle, men det kjem nok noko inn i boka. Ho har boka med i sekken. Skulle senda ein kjempeklem tilbake til deg.
    Nyt ferien.

    SvarSlett