onsdag 11. juli 2012

Corpus Christi Museum of Science and History og litt meir

 I dag våkna me til overskya ver. me bestemte oss for å dra til Corpus Christi Museum of Science and History. Det var veldig mykje å sjå der. Blant anna hadde dei 3 flotte skip, hadde vore flotte i det minste. Det var 3 skip dei hadde kjøpt frå Spania, og der det eine var ein kopi av skipet til Colombus. Men to av dei hadde desverre blitt utsatt for kollisjon av ein lekter i 1992, og ikkje blitt fiksa etterpå. No hadde dei så vidt byrja å gjer noko. Etterpå rusla me rundt og såg på dei ulike utstillingane. Det var fokusert mykje på trekanthandel, hestar og kvegdrift.      


Inne var det mnge typar utstillingar. Ein avdeling med malerier frå 17 og 1800 talet. Møbler og innventar.
Ein gong i året har dei ein festival, der denne kjolen er blitt brukt.






















 



 Utstilling av mange ulike steinar og mineraler. Denne var gigantisk stor.Skinn av puma.

 Her er det avslapping etter me var på Pizza Hut og spiste middag. Isstid på tv.
 Sindre har vore å kjøpt seg PS Vita i dag. Så etter det har han vore i sin eigen verden.
Mor og datter hadde manicure og pedicure i dag. Sjå dei  fine blomstene Linnéa har fått på tærne, med diamanter i midten.
Ikkje minst fant eg ein scrappebutikk i dag også. Får blogga om det i morgon:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar