søndag 1. juli 2012

Yuma territorial prison - Kjørt til Tuscon

Etter at me hadde sagt farvel til våre nye bekjente kjørte me til Yuma territorial prison. Eit fengsel som var operativt på slutten av 1800 tallet og tidlig på 1900 tallet. Eit passe stort museum der du fikk med deg heile historien i ein film på 7 min. Perfekt for oss med barn. Etterpå gjekk me rundt å såg på ulike utstillingar og fekk sjå på cellene. I ei celle var det 6 menn, ikkje store flekken som du kan sjå på bildet.  Fekk også med oss to rømlingar, ganske farlige. Besøket i fengselet tok ca 1 time. Akkurat passe når  det var 37 grader kl. 9.00 om morgonen. Etterpå dette kjørte me til Tuscon. Som du ser av dei to nederste bilddene, kjørte me 3,5 time i ørkenlandskap og vegen gjekk mest rett fram heile tida. Ikkje mange svingar. Her har me fått eit knallfint hotell med basseng. I ettermiddag bada me, før me hadde ein liten siesta. Me spiste middag på ein koseleg restaurant med namn Old Paeblo. God mat. Avslutta med ein liten shoppingrunde. No i kveld er temperaturen kl. 21.00 39 grader, så me frys ikkje. I morgon skal me på eit ørken museum.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar