I dag har me vore i Colossal Cave Mountain Park. Der var me inni ei drypsteinsgrotta som hadde vore tørr i 10000 år. Indianerane hadde brukt den. Det er også funne skjelett etter to indianere i den. Også ein morter er funnet etter dei.
I parken kunne ungane samla 18 ulike mønster, klarte dei det ville dei få ein skatt, det var veldig spennande. Det var også ein Ranch i parken med kveg, hestar og museum. Det var mulig å ri, men det frista ikkje i varmen. Etter nokre timar i parken dro me vidare mot Las Cruses. Sjå den flotte utsiketen på veien. På det nederste bildet kan du ved siden av stolpen sjå ei lite skypumpe. I morgon reiser me vidare til Fort Stockton.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar