mandag 30. juli 2012

Den store vaskedagen dagen og jordbærsyltetøy!







Dagen i dag starta med at eg og ungane vaska heile stua. Gardiner, vegger, karmar.m.m. S blei så ivrig etter å tjena litt peng, at han tørka støv i hallen og på kjøkkenet. Han støvsuga alle golva nede også. Eg har også stroke alle gardinene i stua og fått dei på plass igjen. Lukta reint og godt. Etter lunsj sto jordbærsyltetøy for tur. Eg lagar alltid frysetøy. Kjøpte to kassar bær, men det blir ikkje så mykje syltetøy av det, men har litt igjen frå i fjor også, så me får håpa det varer til neste sommar. Det er helst når niesa mi er på besøk at me har jordbærsyltetøy. Ho elskar nemleg tante sitt rørte syltetøy.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar