torsdag 5. juli 2012

4. juli - ein ulykkesdag

 Me ankom San Antonio i 14.00. Fint hotellrom.
Me gjekk ut i bassenget for å bada og sola oss. Det gjorde me i eit par timar før me dusja og gjekk til byen for å feira 4.juli.
 Her er god ungane på River walken i San Antonio. Ein koseleg plass å spasera rundt. Etter det gjekk me i ein park med to live scenar med band, hoppeslott, klatretårn, føyser og ikkje minst fyrverkeri. Linnéa datt av føyså, og armen såg ikkje godt ut, så me oppsøkte førstehjelp i parken. Me fant ut at det var lurt å få tatt røntgen.
 Me drog til Nix emergency. Dei ville ikkje godta forsikringen vår, men de undersøkte litt for det kosta ingenting. De kunne ikkje hjelpa oss, så me blei sendt til Santa Rosa Childerens Hospital. For å gjør ein lang historie kort, hånda var brekt, så no er ho gipsa. Alt i alt tok dette over 8 timar. Me var heima på hotellet kl. 04.30 om morgonen. No har me sove frampå og frøkena har det etter forholdene bra.
 Bildet blei tatt i natt før me visste om hånda var brekt.
Tatt etter ein god del timar med søvn. Får smertestillande kvar 4. time, så ho ikkje skal ha vondt. Me har jo spøka med kva ho ville brekke i år sidan ho brakk høgre handa i fjor og tåa året før der! Får håpa uflaksen er brukt opp nå.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar